GMU
  • Næringsutvikling
    • Driva næring i G&M
    • Areal
    • Starte bedrift
    • Utvikling
  • Om regionen
    • Bustad
    • Fritid
    • Karrieremesser
    • Bli sett
  • Om oss
  • Kontakt
Picture

Å drive næring i Gulen og Masfjorden

Gulen og Masfjorden Utvikling (GMU) er eit næringsselskap for Gulen og Masfjorden kommunar. GMU har som føremål å medverka til auka næringsverksemd i dei to kommunane.

Nyheiter

Foto: Solveig Daae Kristiansen
24.09.25 Karrieremesse på Dalsøyra
Den årlege karrieremessa er vel gjennomført på Dalsøyra, og samla alle ungdomsskulane i Gulen og Masfjorden med om lag 150 elevar.

Kreative og engasjerte bedrifter bidrog til eit variert opplegg der ein kunne forsøke seg som gravemaskinførar, (i simulator), ta plass i ein hjullastar, og elles teste ulike typar verktøy utandørs. Innandørs fylte lokale bedrifter, kommunane og fleire utdanningsinstitusjonar salen med informative og innbydande stands. Totalt 25 verksemder var tilstades.

Eit godt samarbeid mellom frivilligsentralane, skulane, GMU og NAV har gjort at arrangementet har funne ei form som fungerer svært godt. Dette året bidrog Samuel Massie heldt eit engasjerande og relevant føredrag for ungdommane, og etablerte raskt ein god og tillitvekkjande tone med salen.
​
Karrieremessa har utvikla seg til å bli ein viktig møteplass mellom ungdom, næringsliv og utdanningsmiljø, og gir elevane eit realistisk innblikk i moglegheiter for utdanning og arbeid i eigen region. Deltakinga frå lokalt næringsliv er gjennomgåande god, og arrangementet bidreg positivt til både rekruttering og omdømebygging.

GMU sitt arbeid og område

Illustrasjon: Solveig Daae Kristiansen
Illustrasjon: Solveig Daae Kristiansen

Næringsutvikling

Gulen og Masfjorden Utvikling skal medverka til auka næringsverksemd i Gulen og Masfjorden kommunar. 
Kartutsnitt: Nordhordlandskart.no
Kartutsnitt: Nordhordlandskart.no

Om regionen

Gulen og Masfjorden kommunar har eit rikt kultur-, idrett og fritidstilbod.  Det er ledige tomtar spreidd omkring i dei to kommunane. Les meir under "om regionen"

GMU på Facebook

Velkomen innom kontoret i Vidsyn! 

Adresse

Sløvågen 2 | 5960 Dalsøyra

Telefon

90142025

E-post

[email protected]
  • Næringsutvikling
    • Driva næring i G&M
    • Areal
    • Starte bedrift
    • Utvikling
  • Om regionen
    • Bustad
    • Fritid
    • Karrieremesser
    • Bli sett
  • Om oss
  • Kontakt