GMU
  • Næringsutvikling
    • Driva næring i G&M
    • Areal
    • Starte bedrift
    • Utvikling
  • Om regionen
    • Bustad
    • Fritid
    • Karrieremesser
    • Bli sett
  • Om oss
  • Kontakt

Areal for næring og utvikling

Foto: Solveig Daae Kristiansen
Det er fleire næringsområde i Gulen og Masfjorden. Under finn du kort informasjon og lenkjer til kontaktpersonar eller kvar du kan finna meir informasjon. 

Kjenner du til fleire område som bør vera med her? Ta kontakt. 

Fensfjordbygg

På Hosteland i Masfjorden finn du Fensfjordbygg. Her er alle offentlege tenester knytt til helse samla i same bygg så som legesenter, helsestasjon, fysioterapi, og heimesjukepleietenesta. I nærleiken finn du også optikar, klesbutikk, Sparbutikk og bensinstasjon. 

For tida er kafèen i første etasje utan drivar,  så ser du føre deg ei framtid innan kafè og restaurant kan du sjå nærmare på  deira side på Facebook for meir informasjon.

Hosteland senter

Sjå Facebook-sida til Hosteland senter her. Ta kontakt for å høyra om ledige kontor. 

Kvamme Industriområde

Omlag 3 km frå kommunesenteret  Sandnes i Masfjorden finn du eit regulert næringsområde regulert til industriføremål. 
Ta kontakt med Masfjorden kommune for meir informasjon,  tlf. 56 16 62 00 eller 
post@masfjorden.kommune.no Ein kan også finne meir informasjon om reguleringsplanen på
https://www.nordhordlandskart.no/pr. 

Sløvåg Næringsbygg

I Gulen Industrihamn finn du Sløvåg Næringsbygg. Bygget har nærare 40 leigetakarar innan industri, handel, service og velvære. Ta kontakt med dagleg leiar Gjert Øyvind Daae for nærare informasjon: oyvind@vidsyn-gulen.no eller mobil 401 78 612.

Gulen Industrihamn/Sløvåg Industriområde

I Sløvågen finn du Gulen Industrihamn. Der er det tilgjengelege kaiar og tomteareal. Meir informasjon på wergeland.com

Kontorlokale på Matre

På Matre er det tilgjengelege kontor, like ved E39. Kontakt Ragnhild Undertun på tlf. 90142025 for meir informasjon. 

Mjåsundet Næringspark

Mjåsundet næringspark ligg sentralt plassert midt mellom Byrknesøy og Sløvåg.  Område på 330 mål er regulert for næring, fortrinnsvis fiskeri og havbruk.
Kontor -og lagerbygg er ferdig oppført.
Infrastruktur for resterande areal er klargjort for oppføring av nye bygningar, for lagring eller brakkeriggar.
 Ta kontakt med Frode Kversøy på
​tlf. 917 71 022 eller e-post frode@kversoy.no for meir informasjon. 
https://mjasundet.no/

Sollibotn Industriområde

Rett ved ekspressbåtkaia i Sollibotn ved Eivindvik ligg eit regulert industriområde. Sjå her for planrapport for endring i reguleringsplanen. 

Haugsværdalen

Områdeplan på geoweb.no/braplan/: "Formål med områdeplanen: Planen skal leggja til rette for etablering av transformatorstasjon, nytt industriområde, gang- og sykkelveg langs E39. Planen skal også leggja til rette for ei mindre utviding av lokalsenteret og nytt bustadareal på Haugsvær, samt utbetring av eksisterande kryss mot eksisterande E39". Få planinnsyn her, vel Masfjorden kommune og søk på Haugsværdalen eller bruk arealplanid 126620130001.

Skipavika

Lokalisert i det svært trafikkerte området rundt Fensfjorden finn ein Skipavika Næringspark som leverer servicetenester til skip og riggar, lagrar og vedlikeheld utstyr.
Lokasjonen kan tilby tomteareal, , kaiar og god tilgang på el.kraft. Meir informasjon på skipavika.no. 

Eivindvik kontorbygg

Hos Eivindvik kontorbygg kan du leige moderne kontor i nyoppussa lokaler midt i Eivindvik. 
Kontorfellesskapet kan tilby fasilietar som kjøkken, møterom og lounge.
Alle kontor blir leigde ut møblert.
For meir informasjon kontakt Jarl Midtun, mobil, 913 30 229. 

Velkomen innom kontoret i Vidsyn! 

Adresse

Sløvågen 2 | 5960 Dalsøyra

Telefon

90142025

E-post

ragnhild@gmu.no
  • Næringsutvikling
    • Driva næring i G&M
    • Areal
    • Starte bedrift
    • Utvikling
  • Om regionen
    • Bustad
    • Fritid
    • Karrieremesser
    • Bli sett
  • Om oss
  • Kontakt