Illustrasjon: Solveig Daae Kristiansen
Utvikling
Gulen og Masfjorden Utvikling skal medverka til auka næringsverksemd i Gulen og Masfjorden kommunar, og arbeider med ulike prosjekt knytt til utvikling av regionen. Tilsette i Gulen og Masfjorden Utvikling har teieplikt og du kan snakka konfidensielt med oss. Har du tankar om korleis du kan skapa aukt aktivitet i bedrifta di? Kanskje du har møtt nye utfordringar og må gjera endringar og tiltak for å betra situasjonen? Ta kontakt dersom du ønskjer å drøfta noko.
FellestiltakDersom du har ein idé om eit prosjekt som vil vera til nytte for mange partar, kan Gulen og Masfjorden Utvikling medverka gjennom å kopla ulike partar, igangsetja prosjektet eller i somme tilfelle leia prosjektet.
Gulen og Masfjorden NæringshageGulen og Masfjorden Næringshage arbeider med ulike utviklingstiltak for mål- og medlemsbedriftene sine. Sjå http://gmnh.no/ for meir informasjon.
|
Gulen og Masfjorden NæringsrådGulen og Masfjorden Næringsråd er ein medlemsorganisasjon for næringslivet i dei to kommunane. Dagleg leiar i Gulen og Masfjorden Utvikling er sekretær for Næringsrådet.
MarknadsføringGulen og Masfjorden Utvikling tilbyr tenester innan marknadsføring og forretningsutvikling.
|