Næring i Gulen og Masfjorden
Gulen og Masfjorden Utvikling (GMU) er eit næringsselskap for Gulen og Masfjorden kommunar. GMU har som føremål å medverka til auka næringsverksemd i dei to kommunane.
Er du arbeidstakar og lurer på kva jobbmogelegheiter som finst i Gulen og Masfjorden? Eller er du arbeidsgjevar og har behov for fleire tilsette? Kanskje er du interessert i korleis lokalt næringsliv utviklar seg?
Torsdag 14.11.19 arrangerer Gulen og Masfjorden Utvikling og NAV karrieremesse på Vidsyn, Sløvåg. Det vil også bli moglegheit til å høyre fleire miniseminar med tema som entreprenørskap, karriere og framtidstru, og bedriftspresentasjonar. Ynskjer du å bli drilla i intervjusituasjonen kan du også få teste deg sjølv her. Velkommen! Her kan du fylgje arrangementet på FB: www.facebook.com/events/532341117309072/ |
NæringsutviklingGulen og Masfjorden Utvikling skal medverka til auka næringsverksemd i Gulen og Masfjorden kommunar.
|
Om regionenGulen og Masfjorden kommunar har eit rikt kultur-, idrett og fritidstilbod. Det er ledige tomtar spreidd omkring i dei to kommunane. Les meir under "om regionen"
|