Foto: Ragnhild Undertun
Karrieremesse på Vidsyn, Sløvåg 28.11.2022
Gulen og Masfjorden Utvikling as (GMU) og NAV har gjennom fleire år arrangert karrieremesse for lokale verksemder, i år finn messa stad måndag 28.11. med start kl. 16.00.
Du kan følgje arrangementet på arrangementet si FB-side; fb.me/e/4Ytk0h4YQ Her vil du også finne meir utfyllande informasjon om verksemdene som deltek. Me ser fram til å sjå deg på messa.
Arr: Gulen og Masfjorden Utvikling as og NAV
Vidsyn, Sløvåg, 28.11.2022
Tid: 16.00 - 18.30
Du kan følgje arrangementet på arrangementet si FB-side; fb.me/e/4Ytk0h4YQ Her vil du også finne meir utfyllande informasjon om verksemdene som deltek. Me ser fram til å sjå deg på messa.
Arr: Gulen og Masfjorden Utvikling as og NAV
Vidsyn, Sløvåg, 28.11.2022
Tid: 16.00 - 18.30
Korleis er det å vere lærling?
Å velje utdanning kan vere krevjande, yrkesfag eller studieførebuande?
Korleis vil jobbutsiktene vere der framme? Kva om utdanninga eg har valt ikkje passar meg likevel? Korleis er det å vere lærling? For å finne ut meir om desse spørsmåla tok GMU turen til sjukeheimen på Hosteland og Masfjorden kommune for ein prat med Vilde Matre, (18) som starta på læretida i august med mål om å bli helsefagarbeidar. |

Me har avtalt å møtes på sjukeheimen, og det blir raskt klart at dette er ei engasjert dame som brenn for yrket sitt med klare tankar om utdanning og jobb, og eg tek meg i å tenke at slike omsorgsarbeidarar vil eg gjerne vere omgitt av når eg blir «gammal og grå».
Engasjert pratar ho om alt det fine ein får oppleve når ein arbeider med menneske, mange takknemlege pasientar, men også følelsen av ansvaret som følgjer med. Når eg spør om korleis overgangen frå skule til arbeidsliv var, blir det først litt stilt før det kjem at ho eigentleg var nokså skulelei etter dei to åra på skule, og at ho eigentleg berre venta på å komme ut i lære.
Å vere lærling har berre gitt positive erfaringar så langt, å bli gitt ansvar for å løyse oppgåvene sjølv, kjenne på krav og forventingar og bli møtt som vaksen er lærerikt og noko heilt anna enn skulebenken. – Interessante og givande arbeidsoppgåver og lønn er vesentleg betre enn hybel og skulebenk i Knarvik!

GMU lurer på om det er stor forskjell mellom teori og praksis, og eg får forståing for korleis teorien må ligge i botnen, men at ein må evne å ta ting på sparket og finne den løysinga som fungerer best i situasjonen. Alle menneske er forskjellige så det er viktig å bli kjend med pasienten og finne ut korleis kvar enkelt ynskjer det.
Vilde er på alle avdelingane på sjukeheimen, og gir oss innsikt i korleis det er å jobbe med ulike pasientgrupper, eg kommenterer at menneskekunnskap er viktig i ein slik jobb?
«Å tenke litt i forkant av ein situasjon gjer det lettare å løyse oppgåvene, og ein tilpasse betre undervegs slik at den enkelte blir fornøgd.» Eg lurer litt på om det er krevjande å skulle vere på mange avdelingar, men nei, dette gir meir variasjon i arbeidsoppgåvene og ein lærer meir undervegs.
Vilde er på alle avdelingane på sjukeheimen, og gir oss innsikt i korleis det er å jobbe med ulike pasientgrupper, eg kommenterer at menneskekunnskap er viktig i ein slik jobb?
«Å tenke litt i forkant av ein situasjon gjer det lettare å løyse oppgåvene, og ein tilpasse betre undervegs slik at den enkelte blir fornøgd.» Eg lurer litt på om det er krevjande å skulle vere på mange avdelingar, men nei, dette gir meir variasjon i arbeidsoppgåvene og ein lærer meir undervegs.
Ei hjartesak som tydeleg opptek er at ein må slutte å snakke ned omsorgsyrka, ja lønna bør bli betre, men samstundes er det svært givande at jobben din er å skape gode kvardagar for andre, noko som gir mykje takknemlegheit i retur.
Me nærmar oss avslutting på samtalen og eg lurer på om ho har noko råd til dei som lurer på kva utdanning ein skal velje framover og får med meg eit tankevekkande råd i ei verd der «alle» blir råda til å velje studiespesialiserande om ein ikkje heilt veit. «Draumen min er å bli jordmor, men nett no er det å ta ei yrkesfagleg utdanning det smartaste eg har gjort. No får eg eit fagbrev i botnen, det er ei kort utdanning og eg får meg ein trygg jobb. No kan eg pause litt før eg tek påbygg og fortset med studiar, men har uansett eit fagbrev å lene meg på som har gitt meg kompetanse og erfaring i mellomtida. « |
Desse verksemdene kan du møte under jobb -og utdanningsmessa i Sløvåg:
Østerbø Maskin as, https://osterbo.no/
Firda Seafood Group, https://www.firdasea.no/ Renex as, https://www.renex.no/ Norva24Birkeland, https://norva24.no/avdeling/birkeland/ Auto-Mek AS, https://sjekkpunkt.no/bilverksted/automek Viking Aqua, /www.vikingaqua.no/ Slakteriet Brekke, https://www.slakteriet-as.no/brekke HAFS Elektro & Rør, https://hafs-elektro.no/ Sparebanken Sogn og Fjordane, https://ssf.no/ Wergeland-gruppa, https://wergeland.com/forsiden/ |
Gulen kommune, https://www.gulen.kommune.no/
Menn i Helse, https://mennihelse.no/ Masfjorden kommune, https://www.masfjorden.kommune.no/ Austrheim VGS, https://www.austrheim.vgs.no/ Opplæringskontoret PRO, https://pro.sf.no/ Knarvik VGS, https://www.knarvik.vgs.no/ NAV Fensfjorden, https://www.nav.no/no/nav-og-samfunn/kontakt-nav/kontorer/nav-fensfjorden |

Ei av bedriftene du møter på karrieremessa er HAFS Elektro & Rør med kontor i Gulen, Solund og Hyllestad. Verksemda utfører oppdrag innan elektroinstallasjon og røyrlegging, men leverer også maritime installasjonar til skip og oppdrett i tillegg til automasjonstenester. Med oppdrag over heile Ytre Sogn, Høyanger og Masfjorden, har du heilt sikkert møtt på servicebilane deira med den grøne logoen

For å høyre meir om korleis arbeidsdagen er, har me prata med Even Andrè Ynnesdal hos HAFS Elektro og Rør as.
Som svært mange i bedrifta, har han fleire fagbrev, og tok først fagbrev som tavlemontør, noko som gav han jobb hos Rolls Royce, (Austevoll Elektroautomasjon). Fruen som er frå Austlandet ynskte seg etterkvart austover, men der var jobbmulegheitene få med ei slik utdanning så dei enda opp med å flytte heim til Brekke, – noko som kling svært godt i GMU sine øyrer.
Som svært mange i bedrifta, har han fleire fagbrev, og tok først fagbrev som tavlemontør, noko som gav han jobb hos Rolls Royce, (Austevoll Elektroautomasjon). Fruen som er frå Austlandet ynskte seg etterkvart austover, men der var jobbmulegheitene få med ei slik utdanning så dei enda opp med å flytte heim til Brekke, – noko som kling svært godt i GMU sine øyrer.
Even starta med å gjere unna lærlingtid og fagprøve som elektrikar då han starta i HAFS, og syns det er veldig kjekt å kunne vere ute « i felt» gjennom arbeidskvardagen og kommenterer at « Jobben som tavlemontør var kjekk, men det er meir ein fabrikkjobb og dagane vart litt einsformige». Han meiner likevel ikkje det er bortkasta tid å ha fleire fag i bagasjen, men meiner at variert bakgrunn heller gjer deg betre i stand til å sjå ulike måtar å løyse oppgåvene på.
|

Eg lurer på om det var ein stor overgang å gå frå ein større organisasjon som Rolls Royce til HAFS, men Even meiner det berre er ein fordel. Her er det korte linjer om ein har innspel, og ein får i stor grad styre dagen sin sjølv. Arbeidsmessig gir det mykje større variasjon i oppgåvene, og ikkje minst ein langt breiare kunnskapsbase enn når ein berre jobbar med ein liten del av yrket, han trur også at dette gir betre løysingar på arbeidsoppgåver/prosjekt som verksemda gjennomfører.
Han avsluttar med eit lite innspel til de som skal er på veg til å ta utdanningsval, «om interessa er innan elektro, kan det vere ein fordel å velje elektrikarfagbrev, mi erfaring er at dette gir fleire jobbmulegheiter.»
Han avsluttar med eit lite innspel til de som skal er på veg til å ta utdanningsval, «om interessa er innan elektro, kan det vere ein fordel å velje elektrikarfagbrev, mi erfaring er at dette gir fleire jobbmulegheiter.»
Sindre Haddeland (26) har master i havbruksbiologi frå UiB frå 2018. Han kallar seg sjølv for «fersking», men jobbar som biologisk koordinator i Firda.
I denne jobben må ein naturleg nok ut i felten på anlegga, men har også kontordagar knytt til rapportskriving ol. I tillegg jobbar Sindre med utvikling av nye konsesjonar. Vekselbruket mellom inne- og utedagar gir variasjon og stor fleksibilitet mot. korleis han legg opp arbeidsdagen sin. «Blir ikkje lei når eg kan legge opp arbeidsdagen min slik det passar best med oppgåvene som skal løysast.» Sindre er frå Sandnes i Rogaland, men stortrivst med å bu på Ånneland med sambuar og baby. Bydama i meg lurer på om det ikkje blir stilt, men tvert i mot. " Stillheita og den korte vegen til natur – og friluftsopplevingar er det finaste med plassen" - Og tross alt,- skulle caffe latte-trangen bli for sterk, så er byen under 2 timar unna. |
Firda Seafood Group er største familieeigde oppdrettskonsern i Sogn og Fjordane, og er ein betydeleg produsent av aure og laks. Verksemda har hovudkontor på Byrknesøy i Gulen.
Store utbyggingsplanar dei nærmaste åra, medfører at bedrifta vil ha behov for eit vidt spekter av kompetanse knytt til både administrasjon, drift og produksjon framover. På messa vil du treffe på Sindre Haddeland og Ivar Bastian Kramer, som begge gjekk til jobb hos Firda etter å ha avslutta universitetsstudier i 2018. Firda Seafood Group sitt hovudkontor, Kalvøyna, Byrknesøy.
|
Operasjonssentralen til Firda Seafood Group as som styrer fôring av fisken i oppdrettsmerdane.
|
Ivar Bastian Kramer, var ferdig med sin master innan fiskehelse, (veterinær) i 2018 og hadde knapt fått levert masteroppgåva før jobb i Firda var i boks. Det var litt tilfeldig at han hamna i Firda, men likar at ein er mykje ute i felt, om lag 50/50 ute i felt og på kontoret. Sjølv om det er eit konsern, er det fint at det er korte linjer.
Karrieremessig, meiner han dette er det smartaste han har gjort. Verksemda er stor nok til å dekke heile verdikjeda knytt til produksjonen, men samstundes er linjene korte,- treng noko ei rask avgjerd går ein berre innom nabokontoret. Han er klar på at dette gir langt breiare kompetanse,- du får vere med på mykje, men får også mykje ansvar. Og som han avsluttar med; «om du skal kunne næringa, kan du ikkje sitte på eit kontor i byen, du må vere der det faktisk føregår.» |
Vidsyn Hotell & Restaurant
Sløvågen 2 5960 Dalsøyra Vidsyn Hotell & Restaurant ligg i Sløvåg Næringsbygg i Gulen Industrihamn. Vidsyn har konferansefasilitetar til 100 menneske og kan servera inntil 200 menneske i restauranten. Hotellet har 60 rom. |
Tidlegare arrangement
Klikk her for å redigere.