Foto: Solveig Daae Kristiansen
Starthjelp
Har du ein idé du ønskjer å gjera forretning av? Ønskjer du å starta di eiga bedrift, og lurar på korleis du kjem i gong?
Gulen og Masfjorden Utvikling er kommunane si førstelineteneste for arbeid med næringsutvikling og med tenester til etablerarar, og hjelper kvart år ei mengd bedrifter i oppstartsfasen. Ta kontakt dersom du til dømes vil testa ideen din, læra å laga ein forretningsmodell eller eit budsjett, treng hjelp med den formelle etableringa og registreringa av selskapet, eller om du vil søkja om støtte til di bedrift.

ForretningsmodellEin forretningsmodell vil hjelpa deg å tenka gjennom alle elementa det er viktig å ha med for å vurdera om du vil kunna gjennomføra prosjektet ditt. Mellom anna tar ein forretningsmodell for seg kva verdi du leverer til kunden, kven kunden din er, kva kanalar du når kunden din gjennom, støttepartnarar, verktøy, kjernekompetanse og oppgåver, og sjølvsagt inntekter og utgifter. Gulen og Masfjorden Utvikling går gjennom og set opp planen i høve din idé saman med deg.
FinansieringGulen og Masfjorden kommunar har begge støtteordningar for næringslivet. Gulen og Masfjorden Utvikling kan hjelpa med utarbeiding av søknad om midlar.
Klikk for meir informasjon om næringsfondet i Gulen og kraftfondet i Masfjorden (søknadsskjema her). |
Etablera selskapNår ideen er gjennomarbeidd og finansiering på plass, er du klar for å etablera selskap. Det er fleire typar å velja mellom, og kvar type krev ulik dokumentasjon. I tillegg er det ulike regelverk. Gulen og Masfjorden Utvikling kan hjelpa deg å velja type selskap, og laga til den ulike dokumentasjonen du treng. Når alt er klart, sender de saman inn ei melding til Brønnøysundregisteret.
|
Sjå her...
Gulen og Masfjorden Næringshage arbeider med vekst og utvikling av mål- og medlemsbedrifter, i hovudsak innan havbruk, industri og service. Når du har etablert bedrift, kan næringshagen hjelpa deg vidare.
|
Driftig.no er Sogn og Fjordane fylkeskommune si side som skal gje informasjon til gründerar, idéskaparar og entreprenørar.
|
Kom-an.no er Hordaland fylkeskommune si side for eldsjeler og gründerar som treng hjelp til å koma i gong med eit prosjekt eller ein bedriftsidé.
|